Globalkafé

Onsdag 14. november skal me, som dei siste åra, arrangera Globalkafé på Vikebygd Bedehus frå kl. 18-20. Det vil bli sal av kaker, kaffi, saft mm, ein liten andakt og drøs med andre bygdafolk! Me arrangerer kafeen i samband med KFUK/KFUM-speidarane sin Globalaksjon, som i år har fokus på å bli kvitt fattigdom i verda. Pengar som blir samla inn til Globalaksjonen støttar rettleiingssentera til KFUK i landet, der det mellom anna blir tilbudt traumeterapi, yrkestrening og økonomisk rådgiving, men bidrar og til andre tilsvarande prosjekt som KFUK-KFUM Global støttar i andre land.

Småspeidarane går rundt med bøsser først, for så å komma på kafeen etterpå.

Me ordnar vaffelrøre, kaffi og saft, men vil òg be nokre foreldre om å ta med mat som skal seljast i kafeen. Kan du ikkje er det fint om du gir beskjed, så finn me nokon andre! Det går sjølvsagd an å bytta innbyrdes:

  • Langpannekake: Hanna og Åsmund,
  • Bollar, muffins el: Annelen, Marita, Stina eller Elen, Fredrik

Alle speidarane møter seinast kl. 17.45 for å gjere alt klart til kafeen, og hjelper til med å rydde når me er ferdige.

Lurar du på noko, kan du ta kontakt med Håvard (47305803) eller Iselin (98625428).
Ta med foreldre, sysken, besteforelde og naboar og støtt ei god sak!

Global Aksjonen 2018 - 2019

Global Aksjonen 2018 – 2019