Program/Semesterplan

Speidarprogrammet


  • Semesterplan hausten 2020 – Storspeidaren

    Det blir ein annleis speidarhaust. På grunn av leiarsituasjonen me har nå, og med omsyn til smittevern, vil det ikkje bli like mange møte som vanleg. Du vil sjå under at me må dela troppen i to: 6.-7.trinn og 8.-10.trinn. Det er ekstra viktig at du gir beskjed i god tid om du ikkje kan komma på møter på grunn av fotball eller andre aktivitetar. Om me veit dette i god tid, kan me endra planane og opna eit møte opp for alle, i staden for å berre ha eit møte for halvparten av speidarane, om det er ein del som ikkje kan komma ein onsdag.

    Dei vekene det står «vekesoppdrag», blir det på måndagen den veka delt ei oppgåve på Facebooksida vår. Denne har du heile veka på deg å løyse. Du tar bilete av utført vekesoppdrag, og lastar dette opp på Facebooksida vår, eller sender til ein av leiarane. Me trekk ein vinnar av vekesoppdraget fredagen. Det blir sjølvsagt premie til vinnaren! Du kan gjennomføre vekesoppdraga åleine, eller i lag med ein eller to andre. Vekesoppdraga er frivillige.

    Kvar veke du deltar på vekesoppdrag, får du eit «lodd». Til jul samlar me alle desse lodda i ei juletrekning, der me kliner til med ein litt finare premie. Det løner seg altså å delta på mange vekesoppdrag!

    Du møter sjølvsagt ikkje på speidarmøte om du har symptom på forkjøling

    26. august Fjelltur til Såto
    2. september Dugnad på Speidarloftet for føresette
    9. september Møte for 6.-7.trinn (Bryggebakken)
    16. september Vekesoppdrag 1
    23. september Møte for 8.-10.trinn (Bryggebakken)
    30. september Vekesoppdrag 2
    7. oktober HAUSTFERIE
    14. oktober Møte for 6.-7.trinn
    21. oktober Vekesoppdrag 3
    23. oktober Oppgakskveld (NB: fredag!)
    28. oktober Møte for 8.-10.trinn
    4. november Vekesoppdrag 4
    11. november Globalaksjonen (meir info kjem)
    18. november Møte for 6.-7.trinn
    25. november Vekesoppdrag 5
    2. desember Møte for 8.-10.trinn
    9. desember Vekesoppdrag 6

    Alle møte er frå kl.18-19.30, og alle møta i haust er utandørs. Kle deg etter veret, og hugs refleks! Kor møta skal vere får du informasjon om Facebooksida vår, eller via SMS-tenesta vår. Ta kontakt med ein av leiarane om du ikkje får SMS.