Troppstur Våren 2018

Nå er det snart sommar og landsleir! Denne helga skal me øva litt på korleis det er å vera på leir- me skal setja opp lavvoar og seilet, lære meir om surringar og knutar, laga god mat, ha konkurransar og kosa oss rundt bålet om kvelden! Me skal ikkje dra så langt, men me vonar me skal lære masse og ha det kjekt i lag likevel!

Tid: 4-6. mai
Stad:
Tonjen
Pris: 100,-
Me startar kl.18 fredagen, og reknar med å vera ferdige rundt kl.12 søndagen.

Ta med:

  • Liggeunderlag og varm sovepose
  • Regntøy
  • Ullklede (kan bli kaldt på kvelden sjølv om det snart er sommar!)
  • Varm genser- ull eller fleece
  • Leirbålskappe (om du har)
  • Bytteklede
  • Gode sko
  • Badetøy og handkle (om du våger å hoppa uti…)
  • Flytevest (om du har)
  • Fiskestong (om du har)
  • Speidarkniv
  • Tallerken, kopp og bestikk (med namn!)
  • Myggmiddel, solkrem, osb.
  • Litt snop

Påmelding: til ein av leiarane innan onsdag 2. mai.

Me gler oss til ei kjekk helg ute!
Helsing leiarane