Futura 2018 Infoskriv 2

Det nærmar seg leir og her kjem den siste informasjonen de treng.

>>PDF<<

Reisa:
Alle reiser i speidarskjorte og skjerf!

Brit Nelly N. Tveit (91638083) og Johannes Skartland (93066329) følger bussen både til og frå leiren. Når de kjem fram, er allereie Sunniva og Håvard på plass.

Buss frå Skjold skule fredag 29.06 kl 19.30. Møt opp i god tid (seinast 19.15).
Bussen køyrer 19.30, og då skal alt vera lossa om bord. Bruk parkeringa oppe ved Skjold Arena for å lette bussen sin adkomst.

Pakk i to kolli; ein dagstursekk med niste og drikke til turen (som du tar med inn på bussen) og bagasjen til leir (som havnar i lasterommet).
Unngå lause posar med støvlar og liknande.

Heim igjen er det planlagd at bussen skal gå frå leiren laurdag 07.07 kl 10.00. Erfaringsvis varierer desse avreisetidene litt (mange bussar skal ut samtidig) slik at det er vanskeleg å sei konkret når bussen er i Skjold igjen. Bussen er estimert til å koma fram rundt midnatt på laurdag kveld, me oppdaterer på Facebook og via leiarane i bussen så snart me veit  tidspunkt.

Pakking:
Du kan velja om du vil pakka i bag eller sekk. Om du pakkar i bag, må du passa på å ha med deg ein sekk som er stor nok til å ha med deg det du treng på haik (ei natt borte frå leiren). Speidarane må vera med å pakka eigen bagasje! Pakk i posar- då er det lettare å halda orden, og ein er sikker på at alt held seg tørt.

  • Sovepose og liggeunderlag
  • Regntøy og støvlar
  • Ulltøy eller anna varmt tøy
  • Leirbålskappe
  • 2-3 klesbyte
  • Sokkar og undertøy
  • Badetøy og handduk
  • Lue og vottar
  • Toalettsaker
  • Solkrem og myggolje/myggnett
  • Kniv
  • Kopp, tallerken, bestikk m/namn
  • Lommelykt
  • Speidarhandbok og speidarsongbok (om du har)
  • Skrivesaker og Bibel
  • Termos (til haik)
  • Cashless-armbånd

Leiren:
Vaksne som er med på leir:

  • Håvard Tveit (473 05 803)
  • Iselin Eidhammer Tveit (986 25 428)
  • Johannes Skartland (930 66 329)
  • Sunniva Tveit Gregersen (480 76 203)
  • Asgeir Gregersen (482 28 614).

Det blir Cashless betaling på leiren (kiosk, speidarbutikk, cafe). Sjå eige skriv. Kodebrikka blir lagt i postkassen for å unngå at dei forsvinn… Hugs å les dette nøye, og pass på at de får fylt opp brikka før avreise!

Vikebygd har haik tysdag til onsdag (dette er då eit ueigna tidspunkt om foreldre har tenkt seg på leirbesøk). På haik skal patruljen klare seg åleine ei overnatting og sove under presenning. Under haiken må patruljen ha med termosar med varmt vatn for å lage mat – de kan gå i lag to og to i patruljen og dele på ein termos.

Mobiltelefon:
Speidarane kan ha med mobiltelefon, men det er ikkje naudsynt. Leiarane vil vera tilgjengelige på telefon heile døgnet. Det er ikkje mogeleg å få kontakt med speidarane heile tida- under aktivitetar skal mobiltelefonane ligga igjen på vårt område (dei vil aldri vera ubeskytta).

Det er viktig at speidarane kjem til oss først om noko er gale (ikkje trivst, heimlengsel, osv). Det er sjølvsag lov å ringa heim, men det er viktig for oss å vita korleis alle har det på leir, og me vil ikkje bli ringt opp av føresette som tek opp slike utfordringar utan at speidaren har snakka med oss først.

 

Program for leirveka og anna relevant informasjon finn de dersom de går inn på futura.kmspeider.no

Om de lurer på noko, ta kontakt med ein av leiarane. Me gler oss til leir!