Futura 2018 Infoskriv

Hei!

(last ned som pdf her)

Til sommaren er det, som mange veit, landsleir – Futura 2018. Leiren finn stad på Lånke i Stjørdal 30.juni-7.juli. For mange er dette langt fram i tid, men pga. den lange reisa, skal me vera med på ein fellestransport som blir arrangert av kretsen. Dette blir buss, og reisa blir køyrd i eitt strekk, med soving i bussen, sannsynligvis med avreise om ettermiddagen/kvelden 29.juni. Busselskapet som skal køyra treng allereie nå å vite kor mange bussar/sjåførar dei treng, og kretsen har difor sett ein frist 24.februar der dei vil vita kor mange seter kvar gruppe skal ha.

Me ber dykk ta stilling til om de skal på leir til sommaren. Mange har allereie bestemt seg for at dei vil dra, medan andre er usikre. Me skjønar at der er vanskeleg å bestemme seg så lang tid i førevegen, men me treng likevel ein tilbakemelding på om speidarane skal på leir, eller om dei er usikre (om ein veit at ein kjem seg opp sjølv, fordi ein planlegg å ta familieferien på same tid, til dømes, set me pris på tilbakemelding om dette og).

Denne tilbakemelding treng me innan 23.februar. Då kan me reservera eit tal seter i bussen. Den endeleg påmeldingsfristen til leiren er eigentleg ikkje før 15.april, så om nokon har speidarar som ikkje har bestemt seg for om dei skal på leir og treng lengre betenkingstid, så gi beskjed. Me skal alltids klare å få alle med oss oppover J

 

Meir informasjon om leiren:

På landsleir er me samla over 5000 speidarar frå Noreg, og frå andre land. Me er samla over ei veke, der me gjer alt i lag- søv i telt, lagar mat og deltar på ulike aktiviteter. Det er sjølvsagt lov for familie å koma på besøk.

De kan finne meir informasjon om leiren på futura.kmspeider.no

 

Prisar:

Deltakarpris: 2500,-
Familiemoderasjon: 1800,- (frå familiemedlem nr.2)
Leiar 1500,-

Vikebygd KM sponsar bussreisa t/r til leiren.

Som nemnd, treng me ein altså ein tilbakemelding innan 23.februar.
Ta kontakt med ein av leiarane om de lurer på noko.

 

Me gler oss til leir!
Speidarhelsing Sunniva, Johannes, Håvard og Iselin