Globalcafé

Onsdag 13. november skal me, som dei siste åra, arrangera Globalkafé på Vikebygd Bedehus frå kl. 18-20. Det vil bli sal av kaker, kaffi, saft mm, ein liten andakt og drøs med andre bygdafolk! Småspeidarane går rundt med bøsser først, for så å komma på kafeen etterpå.

Me ordnar vaffelrøre, kaffi og saft, men vil òg be nokre foreldre om å ta med mat som skal seljast i kafeen. Kan du ikkje er det fint om du gir beskjed, så finn me nokon andre! Det går sjølvsagd an å bytta innbyrdes:

  • Langpannekake: Alfinn, Jenny Alice, Sølve
  • Bollar, muffins el: Ella, Thea/Thomas, Damien

Alle speidarane møter seinast kl. 17.45 for å gjere alt klart til kafeen, og hjelper til med å rydde når me er ferdige.

Me arrangerer kafeen i samband med KFUK/KFUM-speidarane sin Globalaksjon, som i år fokuserer på ungdom sine rettar og medverknad i Sør-Sudan, Tanzania og Palestina. KFUK-KFUM Global meiner at ungdom er sjølve ryggrada i den globale utviklinga. Ved å gi ungdom kunnskap og moglegheit til å delta i politiske prosessar, og ved å gi dei moglegheita til å sjølv bestemme over eigne liv, dyttar me verda framover. Ungdom må takast på alvor!

Lurar du på noko, kan du ta kontakt med Håvard på 47305803 eller Iselin på 98625428.

Ta med foreldre, sysken, besteforelde og naboar og støtt ei god sak!

Les mer her: Globalaksjonen- KFUK-KFUM Global