Troppstur hausten 2019

No er det igjen tid for troppstur og opptak av dei nye speidarane på hytta i Longåsdalen. Turen blir helga 25-27.oktober, og me har sjølvsag bestilt fint ver!

Ungdomsskuleelevane møter i Bjordal fredag 25. oktober kl. 18, og går i lag opp til hytta med ein av leiarane. Alle andre møter i Bjordal laurdag 26. oktober kl. 11.

Pris: 100,- pr. natt

Pakkeliste:

  • Speidarskjerf
  • Sovepose og laken
  • Klede til å vera ute- vasstette ytterklede og sko
  • Ulltøy- stillongs og ulltrøye
  • Ullsokkar, minst 2 par
  • Varm genser
  • Lue, vottar og skjerf/buff
  • Eit klesskift
  • Lommelykt
  • Kniv
  • Brød og pålegg til 2 måltid (dette deler me på)
  • Pølse og brød til grilling på søndag
  • Ungdomsskuleelevane må ha med noko å eta fredag kveld, til dømes brødmat eller rett i koppen.
  • Litt kosesnop? 😉

Hugs: du skal bera alt sjølv! Pakk i plastposar. Om du heng soveposen utanpå sekken, så hugs å ta pose utanpå.

Påmeldingsfrista er onsdag 23.oktober til ein av leiarane, enten på speidarmøte eller på telefon, sjå telefonliste på semesterplanen. Har nokon allergiar eller andre ting me må ta omsyn til, er det fint om dette blir opplyst om ved påmelding.

Me reknar med å væra nede igjen i Bjordal søndag kl. 14.

Me gler oss til tur! 🙂

Helsing leiarane- Håvard, Iselin, Johannes og Asgeir