Kanotur til Telemarkskanalen 3.-7.juli 2017

Last ned som PDF

Kart: del 1 / del 2

Avreise: Trovågsfeltet kl. 11.00

Pris: 800,- (som inkluderer transport og mat). Betaling skjer til speidaren sin konto 0530.18.83651 før avreise – merk betalinga med speidaren sitt namn.

 

PÅMELDINGSFRIST: 1.juni

 

Første dagen slår me berre leir og overnattar. Ta med niste og drikke til køyreturen (det blir middag når me slår leir).

Ta med:

  • Rednings/flytevest (dersom de ikkje har ein som passar har speidaren ein del som kan lånast. Ta i så fall kontakt.)
  • Sovepose
  • Liggeunderlag
  • Myggnett og myggspray
  • Speidarkniv og lommelykt
  • Solkrem J (og solbriller?)
  • Badetøy og håndkle
  • Toalettsaker
  • Tallerken, kopp og bestikk (kan godt merkast med namn)
  • Lommepengar
  • Regntøy som er heilt
  • Minst fire par ullsokkar – me padlar i joggesko sjølv om det regnar
  • Skobytte
  • Eit til to klesskift
  • Varme klede; ullstilongs, ulltrøye, tjukk genser og hua (det kan bli kaldt)
  • ”Rett i koppen”-posar med drikke dersom du trur du vil bruka det. Saft, kaffi og te har troppen med.
  • Fiskestang om ein ynskjer det
  • Alle reisar i speidarskjorte!

Av klede er det lurt å prioritere lette plagg som tar liten plass; dongeribukser og collegebukser/genserar er særskild dårleg ettersom det trekk til seg mykje vatn og tørkar seint.

Bag er like greitt som sekk å pakka i, då det er lite bæring. For å halda orden i sekken er det lurt å fordela utstyret i 6-10 plastposar. Inni ryggsekken legg du ein stor søppelsekk som du legg alt oppi.  Soveposen har du i ein eigen plastpose som du legg oppi soveposetrekket.
Du skal ikkje ta med deg noko særleg meir enn det som står på lista. Dette fordi det i kanoen skal vera plass til sekkar for to personar + mykje fellesutstyr.  (Presenningar, primusar, tau, gitar, parafin, gryter, middagar og anna mat, osb.) Fint om speidar og foreldre pakkar i lag. Då kjem alt med, og speidarane veit kor dei har ting J

 

Reglar:

  1. Redningsvesten skal alltid vera på når du sit i kanoen.
  2. Det er ikkje lov å bada utan at ein av leiarane er med.
  3. Dersom ein er ute i kano om kvelden eller i pausen, skal det alltid vera to kanoar i lag.
  4. Under sjølve kanoturen bestemmer leiarane kven som skal padla saman (Her gjeld det å få jamnraske kanoar),  på ”fritida” styrar ein sjølvsagt fritt.
  5. Elles gjeld sjølvsagt alle vanlege ”folkeskikkreglar” og dei reglane me alltid har i speidaren.

 

Dagsrytme

Kl.09.00          Frukost (havregraut, brød, kaffi, te eller saft).

Kl.10.30          Morgonandakt

Kl.11.00          1.padleøkt

Kl.13.00          Formiddagsmat ein stad ved elva (brødmat).

Kl.15.00          2.padleøkt

Kl.17.30          Klargjering av leirplass

Kl.19.00          Middag

Kl.22.00          Leirbål, avslutning

 

Sjukdom og allergiar:

Dei som har allergiar, nyttar medisinar eller har sjukdommar som me vaksne kan ha nytte av å vite om, må de ta kontakt med Iselin før turen.

 

Telefon:

Mobiltelefon er valfritt men ikkje naudsynt, då leiarane vil ha mobiltelefon med på turen. Det er ikkje dekning overalt langs ruta. Me ber om at foreldre tek kontakt med oss leiarar dersom det skulle dukke opp ting undervegs- gjer i alle tilfelle ikkje avtaler om henting eller liknande utan å kontakta oss (Håvard).

Brit Nelly og Arne vil fungera som ”heimeleiarar”. Dei vil bli oppdatert undervegs, og om De ikkje får tak i ein av oss kan De ta kontakt her.

 

Telefonliste:

Håvard: 47305803

Iselin: 98625428

Brit Nelly og Arne (heimeleiar): 913 18 577

 

Me gler oss til tur! 🙂 Helsing leiarane- Håvard, Johannes, Sunniva og Iselin