Troppstur til Vigdarheim 15. -17. mars

Tredje helga i mars drar me på troppstur! Turen går til Vigdarheim i Sveio. Dette er ein leirstad som speidargrupper i Haugesund eig, og som er blitt oppgradert i løpet av dei siste åra. Vigdarheim ligg ved eit vatn, så me håpar me kan padla kano og fiska. Me har sjølvsagd bestilt strålande vær!

Avreise blir fredag kl. 18.00 frå Speidarloftet. På søndagen reknar me med å vera tilbake på Speidarloftet ca kl. 15.00. Fint om de kan bli samde om køyring.

Pris for helga blir 200,-.

Ta med:

  • Laken og sovepose (det er ikkje dyner på staden)
  • Vass- og vindtette uteklede
  • Varme klede (Ull er gull!)
  • Eit ekstra klesskift
  • Gode utesko
  • Hua og vottar
  • Innesko/tjukke sokkar
  • Lommelykt
  • Kniv
  • Fiskestang (om du har)
  • Redningsvest (om du har)
  • Brødmat og pålegg til 4 måltid + pølse i brød til lunsj på søndag.
    Me deler på brød og pålegg, med unntak av dei med allergiar.

Påmeldingsfrist til ein av leiarane eller på eit speidarmøte innan onsdag 13. mars.

Me gler oss til å dra på tur!
Helsing leiarane