Troppstur Hausten 2018

Speidarane som går på ungdomsskulen + roverane møter i Bjordal fredag 2.november kl. 18, og går i lag opp til hytta med ein av leiarane.
Alle andre møter i Bjordal laurdag 3.november kl. 11.
Laurdag kveld har me opptak av aspirantane, og dei får dei blå skjerfa sine.

Pris: 100,- pr. natt

Pakkeliste:

  • Speidarskjerf
  • Sovepose og laken (pakk soveposen vasstett!)
  • Klede til å vera ute i- vasstette ytterklede og sko
  • Ulltøy- stillongs og ulltrøye
  • Ullsokkar, minst 2 par
  • Varm genser
  • Lue, vottar og skjerf/buff
  • Eitt klesbyte
  • Lommelykt
  • Kniv
  • Brød og pålegg til 2 måltid (dette deler me på)
  • Pølse og brød til grilling på søndag
  • Ungdomsskuleelevane/roverane må ha med noko å eta fredag kveld, til dømes brødmat og/eller rett i koppen.
  • Litt snop?

Pakk i ein sekk som er stor nok til at du får alt oppi, og som passar deg.
Hugs att du sjølv skal klare å bere sekken heilt opp.

Påmeldingsfrist: onsdag 31.oktober.
Har nokon allergiar eller andre ting me må ta omsyn til, så opplys om dette ved påmelding.

På søndagen inviterer me familien til Scouts Own (minigudsteneste) og grilling etterpå. Scouts Own startar kl.11. Ta med eigen grillmat.

Me reknar med å væra nede igjen i Bjordal søndag kl. 14.

Me gler oss til tur! 🙂
Helsing leiarane- Håvard, Johannes, Sunniva og Iselin