Nytt speidarår, nye moglegheiter!

Då er me i gong igjen etter sommaren, og me er klare for eit nytt speidar-år! Til sommaren skal me på kanotur i Nidelva (Telemark), så etter kvart vil me bruka litt møter på å førebu oss til det. Elles så skal me på troppstur til Longåsdalen, delta på «Kampen om Vikingskipet» og mykje anna.

Me har to ulike typar møte: troppsmøte og patruljemøte. På troppsmøta er alle speidarane i lag, og det er leiarane som har planlagt møta. I speidaren er me delte inn i patruljer, der dei eldste speidarane lærer og leier dei yngre. På patruljemøta er det patruljeførar og assistent (peff og ass) som har ansvaret. Det betyr ikkje at dei må gjera alt sjølv, dei kan godt gi litt ansvar til dei andre i patruljen. Dei kan sjølvsagd spørja leiarane om hjelp til eit møte. Det er viktig at alle i patruljen får beskjed frå peff eller ass om patruljemøtet skal vera ein annan stad enn speidarloftet, og at dei gir beskjed til leiarane om det viser seg at dei ikkje får til å komma på eit møte.

6.klassingane er aspirantar fram til opptaket (på troppsturen i Longåsdalen). Det vil seie at dei er i lag med dei andre på troppsmøta, men på patruljemøta har dei eigne møte i lag med ein av leiarane, for å læra det grunnleggande som dei andre allereie kan. Etter opptaket er 6.klassingane med på patruljemøta på lik linje med dei andre.

Det er fint om alle gir beskjed om dei ikkje kan komma på eit møte- då blir det lettare å planlegga både for oss og for peff/ass. Elles forventar me at når me går på speidaren, så kjem ein på speidarmøta 🙂 Me skjønar at det av og til kan bli vanskelig å komma på grunn av skule eller andre aktivitetar, og viss ein gir beskjed om dette så går det sjølvsagt heilt greitt.
Elles har me nokre få fellesreglar:

  • Mobilen skal ikkje brukast utan etter avtale med leiar, ha den på lydlaus og la den bli liggande i lomma, eller heime.
  • Snop og brus skal ikkje takast med.

Som storspeidar er det kjekt å ha speidarskjorte. Mona Schnabel har litt skjorter liggande, eventuellt kan ein kjøpa brukt frå tidligare speidarar, eller nye frå www.speiderbutikken.no. Merkene som skal vera på skjorta får de av oss.
Draktreglementet som viser kor dei forskjellige merka skal vere finn du >>HER<<

Semesterplanen vil bli delt ut i starten av semesteret. Den finn du og på heimesida vår: vikebygdspeidar.no/program. Meld deg gjerne inn i gruppa vår «Vikebygd KFUK-KFUM-speidarar» på Facebook for bilder og anna informasjon.

Me gler oss til eit nytt speidarår!
Lurar de på noko, spør ein av leiarane på eit speidarmøte eller ring/send sms.

Håvard: 47305803 Iselin: 98625428
Johannes: 93066329 Sunniva: 48076203