Globalcafé

Onsdag 18. oktober skal me, som dei siste åra, arrangera Globalkafé på Vikebygd Bedehus frå kl. 18-20. Det vil bli sal av kaker, kaffi, saft mm, ein liten andakt og drøs med andre bygdafolk! Me arrangerer kafeen i samband med KFUK/KFUM-speidarane sin Globalaksjon, som i år har fokus på økonomisk rettferd og etisk handel. Økonomisk rettferd handlar om at ingen menneske skal leve i fattigdom. Pengar som blir samla inn til Globalaksjonen støttar dette arbeidet på Sri Lanka, men bidrar og til andre tilsvarande prosjekt som KFUK-KFUM Global støttar i andre land.

Småspeidarane går rundt med bøsser først, for så å komma på kafeen etterpå.

Me ordnar vaffelrøre, kaffi og saft, men vil òg be nokre foreldre om å ta med mat som skal seljast i kafeen. Kan du ikkje er det fint om du gir beskjed! Det går sjølvsagd an å bytta innbyrdes:

  • Langpannekake: Eline Veastad, Tuva Skogen, Mathilde Owe
  • Bollar, muffins el: Jonas Fostenes, Asgeir Koltveit, Kristoffer Fredriksen, Vilde Tindeland

Alle speidarane møter seinast kl. 17.45 for å gjere alt klart til kafeen, og hjelper til med å rydde når me er ferdige.

Lurar du på noko, kan du ta kontakt med Håvard på 47305803 eller Iselin på 98625428.

Ta med foreldre, sysken, besteforelde og naboar og støtt ei god sak!