Troppstur til Longåsdalen 2016

-> Last ned som PDF her <-

No er det igjen tid for troppstur og opptak av dei nye speidarane på hytta i Longåsdalen. Turen blir helga 28-30 oktober, og me har sjølvsag bestilt fint ver!

Speidarane som går på ungdomsskulen møter i Bjordal fredag 28. oktober kl. 18, og går i lag opp til hytta med ein av leiarane. Alle andre møter i Bjordal laurdag 30. oktober kl. 11.

Pris: 100,- pr. natt (200 for ungdomsskuleelevar som er med heile helga)

 

Pakkeliste:

  • Speidarskjerf
  • Sovepose og laken
  • Klede til å vera ute- vasstette ytterklede og sko
  • Ulltøy- stillongs og ulltrøye
  • Ullsokkar, minst 2 par
  • Varm genser
  • Lue, vottar og skjerf/buff
  • Eit klesskift
  • Lommelykt
  • Kniv
  • Brød og pålegg til 2 måltid (dette deler me på)
  • Pølse og brød til grilling på søndag
  • Ungdomsskuleelevane må ha med noko å eta fredag kveld, til dømes brødmat eller rett i koppen.
  • Litt kosesnop? 🙂

 

For at me skal vite kor mange me skal planlegga middag til, må me ha påmelding. Påmeldingsfrista er onsdag 26.oktober til Håvard, enten på speidarmøte eller på 47305803. Har nokon allergiar eller andre ting me må ta omsyn til, er det fint om dette blir opplyst om ved påmelding.

 

Me reknar med å væra nede igjen i Bjordal søndag kl. 14.

 

Me gler oss til tur! 🙂

Helsing leiarane- Håvard, Johannes og Iselin