Heilt på jordet – kretsleir 2016

Snart tid for kretsleir!

Avreise: Laurdag 25.06 kl. 10:00 Trovågsfeltet

Henting: Fredag 01.07 kl. 11:00 Nedstrand / Tveit Jordbruksskule

Alle reiser i speidarskjorte (om de har)!

 

Pakkeliste:

Speidarane kan pakke i bag, men då må dei i tillegg ha med ein sekk som er stor nok til å ha på haik.
Det er ikkje alltid speidaren veit kva dei har med seg, det er difor greit att speidarar og føresette pakkar sekken i lag.
Pakk gjerne i posar og merk dei!

  • Sovepose og liggeunderlag
  • Regntøy og støvlar
  • Gode sko til haik
  • Ulltøy eller anna varmt tøy
  • 2-3 klesbytte (ikkje ta med klede du er redd for!)
  • Kniv med slire (og belte til å henga kniven i)
  • Kopp, tallerken og bestikk (m/namn!)
  • Lue og vottar
  • Toalettsaker
  • Drikkeflaske
  • Solkrem, caps og solbriller
  • Myggolje og myggnett
  • Leirbålskappe
  • Pengar til kiosk
  • Lommelykt
  • Sokkar og undertøy
  • Speidarhandbok og speidarsangbok (om du har)
  • Badetøy og håndduk
  • Skrivesaker og bibel

Dag for dag program for leiren finn de her: haugalandkrets.org/leir/dag-for-dag-program/

 

Vil du besøke leiren?

Leiren har offisiell besøksdag sundag 26. juni. Då inviterer me alle som vil kome på gudsteneste og speidarmarknad.
Programmet vert om lag slik:

  • Misjonsmarknad med aktiviteter kl. 14:00
  • Gudsteneste på kvelden

Det vil bli sett opp grillar på området der gjester kan grille medbrakt grillmat.

 

Mykje anna god info finn de på leirens eiga nettside: Heilt på jordet – kretsleir 2016 og på Facebook: Kretsleir 2016 Haugaland Krets

Ta kontakt med ein av leiarane (Håvard, Iselin, Suniva, Johannes) om de har spørsmål!